Skip to main content
Til toppen
Bli totalkunde og få en rekke fordeler. Les mer! Retur og reklamasjon
Kurs i sementering


KURS I BERGEN

Sementering – oppdatering om materialar og kliniske prosedyrar

med spesialist i oral protetikk og overtannlege ved UiB – tannlege Kjetil Reisegg

🗓️   Torsdag 1. oktober / Påmeldingsfrist: 28. august

🕘   Kl. 16.30 – 19.30

🥪   Enkel servering fra kl. 16.30

📍   Bergen, Scandic Ørnen

🏷️   Ordinærpris: 2.490 kr
🏷️   Pris for Totalkunder: 1.990 kr

🧑🏻‍🏫   Tannlege Kjetil Reisegg – Spesialist i oral protetikk / Overtannlege ved UiB

Agenda:


Det kan vera vanskeleg å orientera seg gjennom alle dei ulike sementvariantane som finst på marknaden i dag. Gjennom denne kurskvelden tek eg sikte på å gje ei god oversikt, og å svara på sentrale spørsmål, som:

  • Finst det ein sement som fungerer på alt?
  • Har tradisjonelle vassbaserte sementar framleis ein plass i moderne odontologi?
  • Er det ulik prosedyre ved sementering til emalje og sementering til dentin?
  • Kor viktig er tørrlegging ved sementering?
  • Kor mykje har tannrestaureringsmaterialet å sei for val av sement?
  • Korleis bør ein forbehandla tann og restaurering ved sementering?
  • Korleis kan ein enklast handtera sementoverskot?
  • Kan sementen bidra til å justera fargen til ei misfarga tann?

 

Påmelding er bindende og avbestilling må skje innen 28. august, for å få kursavgiften refundert.

Se kursvilkår her >>

 

For spørsmål om kurset ta kontakt med Monica Alvheim på
monica@jacobsen-dental.no eller +47 40 16 05 68

Første halvdel av kurset tek for seg grunnleggande sementteori. Det vert gjennomgang av dei mest vanlege sementane til bruk i klinikk i dag, frå tradisjonelle vassbaserte sementar til sofistikerte resinsementar med breitt indikasjonsområde.

Andre halvdel vert meir klinisk retta, med gjennomgang av diverse pasientkasus som eg har behandla i mitt virke som spesialist i oral protetikk.

 

Etsebru

Lenker
Min side